Home > Aktør > Haukeli Hotell & Restaurant > Overnatting og god mat i koseleg atmosfære


- Hotell og restaurant i Haukeligrend sentrum

Haukeli Hotell & Restaurant
Phone: 35 07 02 14
Email: postSPAMFILTER@haukelihotell.no (Remove SPAMFILTER from the address)

Hauganvegen 1
3895 Edland


Overnatting og god mat i koseleg atmosfære

Midt mellom aust, sør og vest-Noreg - sentralt plassert langs E-134 i Haukeli, finn du nyrenoverte Haukeli hotell & restaurant.  

Hotellet har 20 nyrenoverte enkelt–, dobbelt eller familierom. Alle romma er innreidd med senger i ypperste kvalitet og fargelagt i rolege naturfargar.

I restauranten serverer me god mat i triveleg atmosfære. Me er fleksible og skreddarsyr gjerne eigne middagsløysingar for firma. Restauranten er smakfullt innreidd i behageleg fargeskala. Fleire peisomnar gjev varme og stemning i både spisesal– og resepsjonsområdet.

Me har også selskapslokale/møterom som passar til grupper på opptil 50 personar. Ta kontakt med oss for detaljert førespurnad.

Bryllaup/åremålsdagar

Ta gjerne kontakt med oss for idèutveksling, tilbod og gode løysingar etter dine ynskje. 

Arrangement

Me kan planlegge arrangement som passar til ditt reisefylge, slik som snøscooter-tur, hundespannkøyring, skitur, skiskule, badeland, alpinpakker, fiske– og fotturar, tema-middagar, tema-helger, intimkonsertar eller familiehelg på fjellet.

Innsjekk hotellet måndag-fredag kl. 17-23 og laurdag-sundag kl. 13-23. Restauranten er open måndag-laurdag kl. 18-21 og sundag kl. 13-19. 

Les meir på www.haukelihotell.no



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.