Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Endring av løypetrasé


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Endring av løypetrasé

24 Mar 2017

Grunna vindvarselet besluttar juryen i kveld å kutte traseén vest for fyrste matstasjon. Det mest sannsynlege ut frå vêrforholda i kveld og vêrprognosa for morgondagen er ei 32-kilometer løype på 2x15 kilometer pluss nedfarten mot mål.

Løypa blir då som vanleg opp til Statkraftspurt og matstasjon, deretter vidare i ungdomsrennløypa, ned til startsletta og deretter ny runde i sama sløyfe. Det vil bli matstasjon ved runding på startsletta. Når løparane kjem til startsletta på andre runden, svingar dei av til nedfarten mot mål.

Om det vil bli svært vanskeleg å vite korleis vêret blir, kan siste beslutning om løypeval bli gjort opptil ein halv time før start kl 12.30. Då vil speaker opplyse om avgjersla på startsletta.
Arrangøren legg løypa der det er best vêr, for å sikre ei løype som gjev løparane ei god oppleving.

Det er fleire alternativ til løypetraséar, alt frå 32 til 5 kilometer.

Neste jurymøte er laurdag kl 08.00. Informasjon om avgjersler blir fortløpande publisert her på sida, samt på Haukelirennet sin facebookside.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.