Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > – Haukelirennet, Noregs blidaste turrenn!


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


– Haukelirennet, Noregs blidaste turrenn!

27 Mar 2017

Audun Svartdal, skiteknikkekspert og tidlegare landslagstrenar for skiskyttardamene, var ikkje i tvil då han uttala seg i det niande internasjonale turrennet på Haukelifjell.

Trass meldingar om sterk vind og nattestengt E134, fann heile 1090 små og store smilande skientusiastar vegen til Haukelifjell!

Rett avgjersle

Etter nøye vurdering valde juryen i morgontimane laurdag å korte ned løypa for tidtakingsklassene frå 32 til 18 kilometer. Dette for å unngå den mest vêrharde delen av traséen. Avgjersla var ikkje vanskeleg å ta etter ei heller vindfull synfaring på toppen av løypa. – Me ynskjer at deltakarene skal sitte att med ei god oppleving, seier rennleiar Trond Neri Flothyl.

«18 kilometers sprint»

Haukelirennet har alltid landslagsløparar på startstreken. Den mest ihuga er den sympatiske vossingen Sjur Røthe. Han har delteke på heile åtte Haukelirenn og kjenner den originale 32-kilometer lange traséen godt. – I og med at løypa blei korta inn måtte eg legge om taktikken litt, gliste Røthe lurt etter målspurt og dermed forsvara fjorårets seier mot Andrew Young på 2. plass og Anders Gløersen på 3. I dameklassa leverte Silje Øyre Slind eit sterkt løp like før Martine Ek Hagen. Marianne Hermansen frå arrangørklubben IL Rein tok 3. plassen.

Rekruttering

Stor stas er det også at Haukelirennet aldri hatt fleire deltakarar i ungdomklassa enn i år. Ei gledeleg utvikling, då me har stor fokus på rekruttering. Ungdomane starta som vanleg saman med aktiv- og mosjonsklassa i hovudfeltet kl 12.30. Det var mange unge, sterke løparar i årets renn. I den 13 kilometer lange løypa var det Fredrik Galaaen Røthe som var raskast blant ungdomane. Vest-telen Ingrid Vadder frå Morgedal IL, var raskast av alle jentene. 

Gode førebilete

Morosamt var det også at barnerennet hadde rekordstor oppslutning. Heile 182 barn mellom 2 og 12 år fekk i dag konkurrere mot Sjur Røthe og Anders Gløersen. I tillegg var Martine Ek Hagen og store delar av Team Telemark på plass i løypa. Det er liten tvil om at konkurranseinstinktet blir «boosta» og innsatsen ekstra stor i møte med eliteløparar som desse. 

Spurt og bratt bakke

I Statkraftspurten, som ligg åtte kilometer etter start, snappa Sjur Røthe topp-premien i herreklassa før Andrew Young og Anders Gløersen. Av kvinnene vann Silje Øyre Slind framfor Martine Ek Hagen og Marianne Hermansen.

Haukelirennet har ein bratt og krevjande nedfart mot mål, den såkalla SR-bakken. Her gjeld det å koma raskast ned frå toppen og inn i mål. I dameklassa var Silje Øyre Slind desidert kjappast ned og i herreklassa var det eit tett duell mellom brørne Torgeir og Ånund Lid Byggland der  fyrstnemde og yngstemann tok sigeren.

Professjonell skiteknikkøkt

Fredag kveld sytte Audun Svartdal, Team Telemark og løparane frå landslaget for at ungdom mellom 13 og 16 år fekk skøyteteknikktrening i verdsklasse i Haukelifjell skisenter. Her var innsatsen stor og motivasjonen høg for å ta til seg nyttige tilbakemeldingar, tips og råd hjå dei 30 deltakarane.

Arrangør av Haukelirennet, IL Rein, har omlag 277 medlemmer og 120 av desse er i sving for å gjere Haukelirennet til eit solid internasjonalt renn. Me takkar alle samarbeidspartnarar, deltakarar og tilskodarar som aldri sviktar – maken til positiv stemning og sporty innstilling skal ein leite lenge etter!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.