Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Ny inndeling for ungdomsklassa i Haukelirennet


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Ny inndeling for ungdomsklassa i Haukelirennet

Ungdomsrennet har tidlegare vore inndela i to klasser, men etter gode og konstruktive tilbakemeldingar vil me i år dele jenter og gutar inn i aldersbestemte klasser på alle trinn frå 12 til 16 år.

Slik vil også dei yngste ha moglegheit til å konkurrere innanfor sitt alderstrinn.

Formidabel skiinteresse

Vinteren let vente på seg over store delar av Noreg, men skisesongen går sin gang og mange renn har blitt gjennomført under strålande forhold. Hovden har hatt flotte treningsforhold, og Svarstad, Konnerud og Kollen har tatt imot skientusiastar frå heile Sør-Noreg.

Sist helg mønstra Oslo skifestival om lag 2400 løparar i Holmenkollen, så interessa blant unge skiløperar i Noreg er formidabel.

I 2016 deltok løparar frå Ultimate Skiteam frå Oslo/Akershus i ungdomsrennet. I dette teamet finn me nokon av landets beste 15-åringar, og dei tok også dobbeltsiger med brørne Nikolai og Aleksander Elde Holmbo. Teamet har så langt i år synt veldig gode resultat og har herja i toppen på alle renn i austlandsområdet. Sist helg i Kollen tok dei fleire pallplasseringar. Teamet seier til Haukelirennet at dei likte å gå turrenn i skøyting og at det var moro å få gå i same startfelt som eliteløparane. 

Av andre ungdommar som gjekk Haukelirennet i fjor, har Telemark/Vestfold løparane Lukas Jordbru, Amund Aalvik, Maja Kjærås Moland, Ingerid Vadder, Sigrid Vinjerui og Fredrik Hoksrud Myhre opna sesongen strålande. Me håpar me ser alle desse og fleire til i løypene 25. mars!

Påmeldinga til Haukelirennet 2017 er opna.

25. March 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.