Link tab title



Haukelirennet > Barnerennet


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Barnerennet

Nye eller gamle ski, god eller dårleg gli, kom og ver med på Vennerennet!

Det er gratis påmelding til barnerennet i vårt påmeldingssystem, men du kan også melde på barna hjå rennkontoret i Haukelifjell skisenter før rennet.

Me deler deltakarane inn i to hovudgrupper. Ei gruppe frå 2 til 7 år (går 0,5 km) og ei frå 8 til 12 år (går 1 km). Deltakarane i desse hovudgruppene delar me opp i aldersblanda startpuljer. Alle foreldre som skal fylgje barna sine gjennom løypa må også gå på ski.

Barnerennet går i fristil - det er ingen tidtaking, men fine premiar til alle. Oppvarming frå kl. 10.15, med start kl. 10.30. Barnerennet går så tidleg at mor og far har tid til å nå starten på Haukelirennet, medan borna kan boltre seg fritt i barnetrekket.

Velkomen til morosam skidag på Haukelifjell!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.