Home > Aktør > Haukelitunet > Vi tilbyr > SONGASTOGA


- Åpningstider er alle hverdager 0900-1900 (1800)

Haukelitunet
Phone: 918 60 500
Email: kmSPAMFILTER@edlandkjott.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: www.haukelitunet.com/


SONGASTOGA

Songastoga ligg på Songa, ved kanten av Hardangervidda.
Det er ei perle, med nydeleg utsikt og vidsyn.

Det er ein av brakkene, som vart sett opp under den store kraftutbygginga på 60 talet, som no er pussa opp og me har fått ei flott fjellstove/hytte som alle kan leige, til sjølvhushald.

FASILITETAR:

I Songastoga er der 16 rom, pluss ein leilegheit. Totalt 55 senger +7 i leilegheita. Der er 4 toalett og dusj. Stort og godt utstyrt kjøkken, samt ei koseleg stove. m/ TV. Det er og eit rom som anten kan nyttast til kursing, leik, tørking av klede og liknande. Der er både vaskemaskin og tørketrommel. Kjempe lagleg for skuleklasser, feiring av gebursdag, firmaturar, m.m.

TILKOMST:

På sommartid kan ein kjøre bil til døra. Om vinteren er det ikkje veg inn dit, så då er det ein kjempefin skitur, me kan ordne innkjøring med snøscooter, ein artig oppleving i seg sjølv.
8 km frå riksveg 362, 12 km frå E134,

PRISAR:

For heile stoga er prisen pr døgn 3500,- , kr 8000 for ei helg.
For skuleklasser og lengre opphald, ta kontakt for tilbod.

BESTILLING:

For å tinge Songastoga, ring 90947295.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.