Home > Aktør > Vasseventyret


Velkommen til Vasseventyret på Haukelifjell


 

Ein interaktiv opplevingssti med aktivitetar for liten og stor. Her er vatn og vasskraft hovudtema.

Vasseventyret ligger ved Arbuvollen Fjellbutikk, over veien for Haukelifjell Skisenter.

Historia om Sildre

Du får vere med superhelten Sildre, ein glad og optimistisk vassdrope på oppdrag påHaukelifjell.Han har høyrd at det skjer mystiske ting her oppe,at plantar og fisk døyr og han kjærevenninne Live er blitt sjuk. Nokon forureinar naturen på Haukelifjell. Sildre har ein mistankeom kven det er, det er den berykta vasspyren Surkula som er på ferde. Sildre må rydde oppfør det er for seint. For å vite meir om korleis det går må du gå turen på Haukelifjell.

Aktivitetar

Langs turvegen er det fleire installasjonar der dukan teste ut korleis du kan lage straum, sjåkor mykje vatn me brukar på ein dag i motsetning til dei i fattige land. Og ikkje minst kan duha ein real vasskrig med vasspyren Surkula

Skattejakt

Du er med i trekninga av fine premiar viss du finnmiljøkodane som er gøymd langs turvegen.Gå innom butikken å få svarkort.Det er to fine grillplassar på turen så hugs grillmat og grillkol!

Fakta om turvegen

  • 1,3 km lang rundtur
  • Tilrettelagt for barnevogn
  • Fyrste del av turvegen er tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Fiskeplass
  • To fine grillplassar

Boka om Sildre får du kjøpt i butikken på Arbuvollen.

Vasseventyret

Ein interaktiv opplevingssti med aktivitetar for liten og stor.

Her får du vere med superhelten Sildre på jakt etter vasspyren Surkula. Sildre er ein glad vassdrope med superkrefter.
Historia er fortalt som ein teikneserie på fem informasjonspostar langs turvegen.

Kart over turvegen

Last ned miniguide



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.