Home > Sommer & høst > SONDRE BRATLAND og NEON VOKAL i GRUNGE KYRKJE


SONDRE BRATLAND og NEON VOKAL i GRUNGE KYRKJE

- Opplev fjellets vakre farger på Haukeli!


SONDRE BRATLAND og NEON VOKAL i GRUNGE KYRKJE

Laurdag 27. okt vert det ein folketonefestkveld utanom det vanlege i Grunge kyrkje.

SONDRE BRATLAND, truleg vår fremste formidlar av folkesong, har eit heilt liv funne og
samla folkesongar frå alle krikar og krokar av landet vårt og delt dei med
stor glede og innleving på utallige konserter, på alle slag scener, i nye,
moderne samklangar og samanhenger, samt på ei rekkje cd-innspelingar,
og ikkje minst ved å la unge utøvarar raust få ause frå hans velfylte
”skattkammer”. Folkesongar er levande og skal leve! Ein kan trygt seie at
Sondre har gjeve nytt liv til folkemusikken og songen og sørgja for at den vil
fortsetje å leve og bløme i nye generasjonar!

NEON VOKAL, ei vokalgruppe frå Skedsmo, leia av Ingrid A. Danbolt, er blant dei som
aktivt bruker folkesongane og gjev dei nye uttrykk med spennande, leikne
arrangement på eit høgt musikalsk nivå. Dei 12 songarane frå 17 til 23 år,
deltok i NM i kor i fjor haust, både i klassa for vokalgrupper og ungdomskor,
og vann båe! I juli i år, vann gruppa gull i folkemusikklassa i World Choir
Games i Sør-Afrika, mellom anna med eit spanande joikearrangement!
Med på laget er óg vår dyktige organist, ROBERTAS LAMSODIS.

Me gler oss stort til “BLØMANDE, LEVANDE FOLKETONAR” i Grunge kyrkje!
Arr: Grungedal sokneråd.

Kulturkvelden er del av Kulturårshjulet til Vinje kommune og støttast av
Folkeakademiet i Vinje.

Overskotet går til nytt orgel i Grunge kyrkje.

27. October 2018



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.